Panoramautsikt mot vakker natur i Modalen

Onsdag 25. mai 2011

Utsikten er namnet på eigedomen. Med panoramautsyn over sentrum på Mo, utover Mofjorden og fjella omkring passer den nemninga godt på bustaden som Eiendomsmegler Vest har for sal i Modalen.

-Vil du bu eller nytte fritida i Modalen? I så fall er dette ein eineståande høve, seier eigedomsmeklar Sondre Ivan Myhr i Eiendomsmegler Vest.

Vakker natur kort tur frå Bergen

Modalen kommune ligg inst i Osterfjorden og har dramatisk natur, bratte fjell og fossefall. Modalen er Norges nest minste kommune målt i antall innbyggjarar, men har eit stort oppland.

Kommunen er innfallsporten til Stølsheimen, det store fjellområdet mellom Sogn og Vossebygdene. Modalen har naturperler som Otterstadstølen, Slottet og Nygardsområdet. Her er mange merka turvegar og gode tilhøve for jakt, fiske og friluftsliv.

Søk etter Modalsvideoen på www.youtube.no, og sjå kva området har å by på.

Modalen ligg i Den grøne sløyfa, www.dengronesloyfa.no/, eit samarbeidsprosjekt skipa av lokale verksemder for å fremje reiselivet i dei naturskjøne, grøne fjell- og dalområda som strekk seg fra Bergsdalen i sør til Eksingedalen og Modalen i nord. 

Frå Knarvik tek det ca. 45 minutt å køyre til Modalen. Frå Bergen er køyretida ca. ein time og ti minutt.

Butikk, restaurant og galleri

Det er korte avstander for å dekke daglege behov i Modalen. Frå eigedomen er det gangavstand til skule og butikk og andre servicetilbod på Mo. Her ligg rådhuset i kommunen, daglegvarebutikk, post, kyrkje, bryggje med flytebryggjeanlegg, sandstrand mm. Her ligg også kulturhuset Bryggjeslottet med svømmehall, bowling, bibliotek, styrkerom, ballhall og kino. Og her finn ein ferie- og konferansesenteret  Mobryggja, med  18 leilegheiter, restaurant og kunstgalleri. Egill Kristianson og Gudbjørg Vilhjalmsdottir frå Island tok over drifta for to år sidan, og er allereie kjend for gjestfridom, samt lang erfaring og utsøkt smak når det gjeld mat og kultur.

Kommunen har store inntekter fra vannkraft og innbyggjarane kan nyte godt av billegare straum, mange gode offentlege tilbod, mellom anna rabattert breiband via fiberkabel.

Høg standard

Kort frå alle desse attraksjonane er huset som er for sal. Det ligg høgt og fritt og har gode lys- og soltilhøve. Bustaden bèr preg av nøye gjennomtenkte løysingar og har høg standard.

-Det er sjeldan vi har så unike eigedommar for sal, seier Sondre Ivan Myhr.

Innvendig er huset nyleg oppgradert. Stova har open himling og store vindaugsflater i front, noko som gjev god romkjensle og nærleik til naturen. Boligen har balansert ventilasjonsanlegg med varmegjenvinning. Den påkosta klebersteinomnen i stova held særs godt på varmen. Det funksjonelle kjøkkenet er eit godt allrom, og med direkte utgang til terrassen er det berre å ta måltidet med ut til utsikta. Same utsikta kan ein nyte frå boblebadet eller soverommet som i dag er innreia som kontor. Ein kan enkelt gå direkte frå hagen og inn på vaskerommet til wc og kle av seg skitne klede. Huset har utleigeleilegheit, som ligg fint og usjenert til. Denne eininga kan med enkle grep integrerast i hovuddelen.