Våre lokalkjente meglere

«Alle» vil ha einebustad i Volda og Ørsta

Volda og Ørsta er attraktive marknader. Her er det rift om bustadene.
Det er ingen som kjenner bustadmarknaden på Søre Sunnmøre betre enn meklarane på Volda-kontoret.

Salsleiar Johnny Kragset har vore eigedomsmeklar i Volda Ørsta sidan år 2000. Han har opplevd både verftskrise, finanskrise og eit korona-nedstengt samfunn.

– Felles for desse krisane er at folk held på bustadplanane sine. Det som er viktig er å velje rett meklar, som kjenner den lokale marknaden og dei interne forholda når det kjem til arbeid, skule, fritidstilbod og framtidsplanar, fortel Johnny.

Han har unik kjennskap til både bustadmarknaden og dei lokale forholda, og er levande engasjert i sitt lokalsamfunn.

Bodkrig på einebustader


– No er det særleg rift om bustadane her og vi ser at det spesielt er stor mangel på einebustadar i Volda og Ørsta. Når vi sel einebustader er det fleire kjøparar enn seljarar, og bodkrig på dei fleste bustadane, fortel André Kragset som har 18 års erfaring i bransjen.

Nyleg passerte André 1000 selde bustader i sitt kjernemarknad.

– Det er ikkje eit einaste bygdelag som eg ikkje har vært innom, seier lokalkjente André.

Kollega Hege Kiperberg har jobba som eigedomsmeklar sidan 2013, og er ein viktig del av Volda-kontoret. Ho har ei stor interesse for interiør og design, og er spesielt kjent for å laga flotte salsoppgåver.  

– Fyrsteinntrykket av ein eigedom er avgjerande. God førebuing gjev fine bilete, fortel Hege.

Vestlandets beste meglere

Ta kontakt med en lokalkjent megler

Andre Kragset hjelper deg gjerne med både kjøp og salg av bolig! Ta kontakt for en hyggelig prat.


Populært med sentrumsnære bustader

Volda-kontoret famnar eit stort omfang av kommunar. Dei har sitt hovudsete i Ørsta og Volda, men dekkjer søre Sunnmøre og deler av Nordfjord.

– Dei siste åra har det blitt vanlegare å selje etter første visning i sentrale strok. Har bustaden utleigedel, er det eit større marknad særleg der det er mykje studentar. Kjøparane set definitivt pris på hage og utsikt, seier Hege, som er fødd og oppvaksen i Volda.

På sentrale einebustadar opplev meklarane at det kjem opptil 15 interessentar på visningane.

– Vi ser at fleire flyttar frå by til bygd, men det er også stor etterspørsel etter småbruk. Dei går ofte i familieledd og er stor rift om når dei kjem på marknaden, fortel André.

Ta tidleg kontakt med meklar

Planlegg du å selje? Ta kontakt med meklar i god tid, råder Hege:

– Når tankane svirrar, kan vi kontaktast. Har du ein kjempefin hage, er det lurt å ta bilete av hagen din på vår- og sommarstid, sjølv om du ikkje skal selje før til vinteren. Eg hjelp til med førebuinga og gjev råd om styling av bustaden og uteområdet.

– Eit bustadsal handlar om meir enn kvadratmeter og møblement. Det er heimen til kjøpar og seljer, legg Johnny til.

Hvorfor velge oss

Vi gir deg litt mer

stjerne

5-stjerners oppfølging

Vi gir deg 5-stjerners oppfølging gjennom hele reisen, både ved kjøp og salg av bolig. 

ikon megler

Lokalkjente meglere

Her finner du engasjerte og dyktige meglere som kjenner bolig- og fritidsmarkedet der du bor.

mobil med hus

Fremtidens boligannonsering

En presis og effektiv måte for digital markedsføring av din bolig. 

vi hjelper deg

Kontakt oss

telefon

915 05560

Åpent mandag til fredag 08:30 - 16:00.

søk og hus

Våre kontor

Vi har 26 kontor på Vestlandet, finn ditt lokale kontor.

Snakke-bobler

Skriv til oss

Har du spørsmål så hjelper vi deg gjerne!