Eiendomsmegler Vest er tilbake i Sogndal med tre nye tilsette. Frå venstre ser du eigedomsmeklar Nina Øyre og Kenneth Bjørk, saman med sakshandsamar Ingrid Kvigne Bøe. Foto: Christian Blom.

Eiendomsmegler Vest satsar stort i Sogndal

Tysdag 6. april vart meklarkontoret i Sogndal sentrum gjenopna og forsterka med Kenneth Bjørk, Nina Øyre og Ingrid Kvigne Bøe på laget.

Normalt ville dagen blitt markert med snorklipping og kaker til alle kundar, men på grunn av koronarestriksjonane let feiringa vente på seg. God stemning var det uansett i lokala til Sparebanken Vest.

– Dette er veldig kjekt for Eiendomsmegler Vest og eigaren vår, Sparebanken Vest, som tar ein dominerande posisjon i Sogn med tre nye tilsette som i dag har sin første arbeidsdag. I over eit år har vi jakta på meklartalent i nærområdet og rundt årsskiftet lukkast vi endeleg, jublar Magne Storheim, regionleder og eigedomsmeklar.

Lokale og erfarne folk

Meklarlaget er styrka med eigedomsmeklarane Kenneth Bjørk (48) og Nina Øyre (33), og sakshandsamar Ingrid Kvigne Bøe (34). Dei nytilsette har lokal forankring og lang erfaring i yrket.

– Vi dekkjer heile distriktet Indre Sogn, som omfattar Vik, Aurland, Lærdal, Årdal, Luster, Leikanger, Balestrand, Flåm og Sogndal. Det er eit stort område, men det er viktig at dei som bur i utkantane skal få bruka tenestene som ligg sentralt. Vi kjenner godt til den lokale marknaden, forklarar Kenneth.

– Det blir spennande å starte på nytt med same gjeng og nytt selskap. Det kjekkaste er variasjonane i marknaden. Her får vi ta del i både stort og smått, legg salsleiar Nina Øyre til.

Sunt med konkurranse

Med nytt meklarkontor blir det til saman fire konkurrerande aktørar i Sogndal.

– Konkurranse er alltid sunt, så vi bekymrar oss ikkje. Det er positivt for kundane og det gjer at vi må heile tida utvikla oss for å kunne levera dei beste tenestene for kundane, seier Kenneth.

– Sogndal er prisdrivande og det dyraste området. Her ligg ein snitteinebustad på fem millionar kroner. Bustadsalet har vært bra under korona, men det er nok fritidsmarknaden som har fått størst oppgang. Det er bygd veldig mange hytter i Hodlekve, som ligg i Sogndal Fjellandsby, seier Kenneth.

No gjer eigedomsmeklarane seg klare for sommarsalet. Einebustadar er den heitaste vara fram mot hausten.

– Om du planlegg å selje bustaden din før sommaren, er det lurt å begynne no, slik at du får ein god prosess på det. Kenneth og Ingrid står klare til teneste, seier Nina, som er i morspermisjon fram til november.

Kontakt våre meklarar i Sogndal for ein hyggeleg bustadsprat!

Fra venstre: Kenneth Bjørk, Nina Øyre og Ingrid Kvigne Bøe.
 

Snakk med oss - 915 05560

Åpent man-fre 08.30-16.00


Kundeservice

Stikk innom

Vi er her og tar gjerne en prat med deg.

Finn ditt kontor

Skriv til oss

Send oss en e-post.

Send epost