Meklarlaget i Sunnfjord og Kinn: Fredrik Faye Matre, Raymond Sandøy, Magnar Nilssen, Eline Knapstad og Tore Berqvam.

Eiendomsmegler Vest styrkjer sin posisjon i Sunnfjord

I april blei Garanti Eiendomsmegling Vest ein del av Eiendomsmegler Vest. Fire erfarne eigedomsmeklarar frå Florø og Førde er ein viktig del av storsatsinga til selskapet.

– Rekruttering av gode eigedomsmeklarar i distriktet har lenge vore utfordrande, men no har vi fått tak i dei beste. Dette er attraktive områder å drive eigedomsmekling i og vi er eit steg vidare til å bli ein dominerande aktør på heile Vestlandet, seier Magne Storheim, regionleiar og eigedomsmeklar.

Garanti Eiendomsmegling Vest kjem til å operera i eige namn ut året fram til fusjonen er endeleg, men teamet er allereie ein del av Eiendomsmegler Vest-fellesskapet.

– For oss betyr det mykje at vi kjem inn i eit større miljø, slik at vi får gjort det vi likar best: å selje bustadar! Då er det ekstra stas å ha ein bank i ryggen, fortel eigedomsmeklar Tore Berqvam.

Saman med kollega Raymond Sandøy og Magnar Nilssen har dei drifta Garanti Eiendomsmegling sidan 2011 med kontor både i Førde og Florø, men Tore og Raymond har jobba saman sidan 2006.

 

Vil bu på rett side av elva

I Førde er det 13 000 innbyggjarar, og rundt 6000 hushald. Sentralsjukehuset er den største arbeidsplassen med om lag 1400 tilsette, men bygg og anlegg, handel, landbruk, it og media pregar næringa elles.

– Folk er mest opptatt av plassering når dei kjøper bustad her. Dei vil ikkje ha lang reiseveg til jobb, skule og fritidstilbod. Dei som er oppvaksen på den eine sida av elva, vil ikkje bu på den andre. Det er viktig, fortel Raymond og ler.

Sjølve berebjelken i omsetninga er burettslag og sjølveigar leilegheiter, men innimellom dukkar det opp nybygg, næringseigedommar og gardsbruk.

– Det går kjappast å selja bustader i sentrum. Kjøper du ein einebustad i Førde, er det sannsynleg at du kjem til å bu der svært lenge. Du må bla opp mellom 4 og 7 millionar kroner for ein einebustad, og dei dyraste ligg på 8,5 millionar kroner, fortel Tore, som har jobba som eigedomsmeklar sidan 1999.

 

Større kamp om einebustader i Florø

1. januar i år opna Eiendomsmegler Vest sitt første kontor i Florø sentrum med Eline Knapstad (25) i spissen. Snart får ho to nye kollegar frå Garanti Vest Florø: eigedomsmeklarfullmektig Fredrik Faye Matre og eigedomsmeklar Magnar Nilssen.

– Dette blir kjekt! Vi ser fram til å jobba i lag med Eline og bli ein del av eit større miljø. Eg kjenner ein del i Sparebanken Vest, så det blir hyggeleg å vera i same hus, fortel Magnar.

Han starta si eigedomskarriere som dagleg leiar og meklar i Florø Boligbyggelag i 2002.

– Marknaden i Florø er betre enn på lenge. No er det relativt få bustader til sals, men fleire interessentar enn elles. I fjor selde vi fleire bustader enn nokon gong, seier Magnar, som fortel at bustadprisen i Florø har auka sidan i fjor sommar.

Skal du selje din bustad? Kontakt våre meklarar i Førde eller Florø for ein verdivurdering og eit uforpliktande tilbod! Sparebanken Vest hjelper deg med å oppfylla bustaddraumen!

PS! Veit du at Zoom frå Eiendomsmegler Vest er eit supersmart verktøy for digital markedsføring av eiendom? Snakk med våre eigedomsmeklarar om Zoom!

Snakk med oss - 915 05560

Åpent man-fre 08.30-16.00


Kundeservice

Stikk innom

Vi er her og tar gjerne en prat med deg.

Finn ditt kontor

Skriv til oss

Send oss en e-post.

Send epost