Lokale eigedomsmeklarar i Norheimsund, frå venstre: Edvin Bårdsen, Sturla Nødtvedt og Torstein Mæland.

Eiendomsmegler Vest satsar i Hardanger

To nye, erfarne og lokalkjente meklarar er på plass i Sparebanken Vest sitt kontor i Norheimsund.
icon

– Vi er klare til å køyre på i Norheimsund og Hardanger, fortel Edvin Bårdsen og smilar.  

Lærdølen har jobba som eigedomsmeklar sidan 2009, og har selt bustadar i regionen heilt sidan starten av karrieren.

Saman med trainee Torstein Mæland og advokat Sturla Nødtvedt har det nye teamet 22 års erfaring i meklarbransjen. Sistnemnte har jobba som advokat og meklar sidan 2012, og har solid kompetanse innan fast eigedom, eigedomsoppgjer og tvangssal.

– No satsar eg fullt ut på eigedomsmekling. Som advokat kan eg gje kundane råd frå alle aspektar, slik at dei er sikre på ein trygg handel, fortel Sturla, som også bur i Norheimsund.

Torstein er den yngste i teamet og begynner som fullmektig til sommaren. Han er frå Jondal, men har busett seg i Øystese.

– Eg har gått på vidaregåande skule i Norheimsund og budd her i fire år, så eg er godt kjent i området. Det vil kundane merke, seier Torstein.  

 

Stiller med lokal fotograf

Bustadmarknaden i Norheimsund er på veg opp, ifølgje meklarane. Det er bra med interessentar, men manko på salsobjekt.

– Det er eit jamt og velfungerande marknad. Noko blir selt med det same, mens noko kan ta lengre tid. Slik er det alle stadar, fortel Edvin.

Gode bilete har alt å seie for eit raskt sal.

– Her gjeld det å få fram dei fordelane du har. Det er bilete og pris som sel. Feil pris og dårlege bilete gjer det vanskeleg å få interessentar. Fint vêr er viktig, og heldigvis har vi ein lokal fotograf som er raskt på plass når vi treng han, seier Edvin.


Lokale forskjellar i pris

Sidan 2015 har det har vore mykje satsing på leilegheiter i Kvam, men no er marknaden klart for nye prosjekt. Sentrumsnære 2-roms leilegheiter mellom 2,5 til 3,5 millionar kroner er dei mest populære.

– Øystese og Norheimsund har dei høgaste prisane, men også i Vikøy er det eit bra prisnivå. Det er ekstreme lokale forskjellar i pris. Det kan være millionar i forskjell berre nokre kilometer lengre vekke, seier Sturla.

Det er viktig å sette rett pris med ein gang.

 – Folk er prisbevisste på eigedom, og du finn kjapt ut om prisen er for høg. Utsikt eller tilknyting til sjø aukar prisen. Det er mange einebustadar som ikkje har blitt gjort noko med sidan 70-80 talet, men Kvemmingar er stort sett ikkje framand for å ta i eit tak og gjer mykje av arbeidet sjølv samanlikna med byane, legg han til.  

Det er ikkje berre einebustader i Kvam, her det også fleire velfungerande hyttefelt. Det er også store hyttemogelegheiter i Eidfjord, Jondal, Ullensvang og Eikedalen.

– Her får du både sjø- og fjellhytte. Hyttene i Kvamskogen går fort å selje for tida. Omsetjingstida avhenger ein del av kor mykje snø det var sist vinter, fortel Sturla.

Snakk med oss - 915 05560

Åpent man-fre 08.30-16.00


Kundeservice

Stikk innom

Vi er her og tar gjerne en prat med deg.

Finn ditt kontor

Skriv til oss

Send oss en e-post.

Send epost