Meglerteamet på Stord. Fra venstre: Ove Sagenes, Ørjan Stokka, Wibeke Våmartveit, Gudny E. Kydland og Ola Nesse.

Rett bustadpris gjev raskare sal

Skal du selje bustaden din? Då er det viktig å få rett prisvurdering.

Dei fire erfarne meklarane i Eiendomsmegler Vest Stord sver til ein sikker metode.

– Er prisen for høg, går det sjeldan bra. Då risikerer du at bustaden din blir liggjande og du må til slutt senke prisen for å selje. Mens du vurderer å senke prisen, vel kanskje kjøparane andre objekt, forklarar Ove Sagenes, som har vore meklar sidan 2003.

Han får støtte frå meklarkollegaene Gudny Eldøy Kydland, Ola Nesse og Ørjan Stokka.

– Det er viktig å høyre på erfarne meklarar. For kvart objekt vi skal selje har vi prismøte med fire kollegar, slik at kunden og vi skal vera trygge på at det er riktig prisantyding. Rett pris gjer raskare sal, fortel Gudny.

Ho har jobba som meklar sidan 2005, og brukar mykje tid på synfaring:

– Eg ser etter enkle grep som du kan gjera med bustaden for å få best mogeleg pris. Det treng ikkje kosta mykje for å gjere ein stor forskjell. Vi gjer deg gode tips og råd før fotografen kjem, slik at vi får laga ei attraktiv annonse.

Registrerer bod i busslommene

Til saman har dei fire rutinerte meklarane over 80 års erfaring innan eigedomsmekling, og har jobba saman i fleire periodar i meklarkarrieren.

I Leirvik sentrum finn du fem tilsette som dagleg handterer eit stort geografisk område: Stord, Bømlo, Fitjar, Kvinnherad, Tysnes og Sveio.

– Det blir ein del køyring i kvardagen og det hender at vi må registrera bod i busslommene. Før i tida skreiv vi på serviettar. Heldigvis har det blitt meir digitalisert med tidene, seier Ørjan og ler.

Det er store lokale forskjellar på bustadprisane i distriktet.

– Nokre kilometer kan påverke prisane frå å vere 2,5 til 4 millionar kroner. Lokalkunnskap må til for å treffe rett, fortel Ove, som er i sitt ess når det blir bodrunde.

 

Mykje går etter første visning

Sjølv om det har blitt bygd ein del nye leilegheiter på Stord, er det hovudsakeleg einebustader som er mest populært. Etter pandemien har det vore for lite einebustader til sals samanlikna med etterspørselen i marknaden, ifølge meklarane.

– Har du rett objekt og rett plassering, blir det kjekke bodrundar. I år har mykje blitt selt etter første visning, seier Ørjan.

Opp gjennom åra har meklarane opparbeida seg eit stort nettverk, som kundane kan nyte godt av.

– Vi veit ofte om kven som er interessert i ny bustad. Går du med planer om å selje, er det lurt å ta tidleg kontakt med oss, er rådet frå Ola. Går du med tankar om å selje, er det ei god tid å gjere det no. Det er stor etterspurnad, særleg etter einebustader. Det er fleire kjøparar enn seljarar, fortel han.

 

Stor vekst

Eiendomsmegler Vest sitt Stord-kontor er det største meklarføretaket i Sunnhordland, og har halde på sidan 1998. Avdelinga har hatt stor vekst i Sunnhordland den siste tiden. Fram til i år har dei formidla 265 bustader.

– Dette er ikkje nokon åtte til fire-jobb. Vi strekkjer oss langt for kunden, og får gode tilbakemeldingar. Ikkje nøl med å ta kontakt med oss, så skal du få god rettleiing, lover Ove.

 

 

 

Snakk med oss - 915 05560

Åpent man-fre 08.30-16.00


Kundeservice

Stikk innom

Vi er her og tar gjerne en prat med deg.

Finn ditt kontor

Skriv til oss

Send oss en e-post.

Send epost