-940x626.jpg?h=626&la=nb-NO&w=940&p=E1743A86214DBB3222ED3A2F39ABBF0CA22772DC)
Bustadtørke i Nordhordland
– Det er så til dei gradar seljers marknad. I førre veke blei ingen nyheiter lagt ut for sal. Det er nesten ingenting å kjøpe, fortel Hans Petter Midbrød, salsleiar og eigedomsmeklar i Eiendomsmegler Vest, Nordhordland.
Han har jobba som meklar sidan 2007, og har aldri opplevd at det har vore så få bustader til sals i Nordhordland.
Totalt er det 30 prosent færre eigedommar som har blitt lagt ut for sal samanlikna med same tidsperiode i fjor. I 2020 blei det lagt ut 51 eigedommar i januar og februar, 47 i fjor og 32 i år, ifølje tall frå Eigedomsverdi. Til samanlikning er det også svært få salsobjekt i Bergen.
– Dei som venta med å selje til etter nyttår, har vore smarte, seier Midbrød.
Meklarens klare råd: Ikkje vent med å selje
Mens bustadsalet i desember har vore historisk bra, har det knapt vore bustader til sals i år. Midbrød trur det er fleire grunner til at det er salstørke i Nordhordland.
– Nokon har frykta rentehevingar, medan andre ville selje før avhendingsloven trådde i kraft. Mange har opplevd koronasmitte, som antakeleg har ført til utsetjing av bustadsal. Det er også ein del som vil vente med å selje einebustaden til våren når hagen tar seg best ut, seier Midbrød.
Skal du selje, har du ingen grunn til å vente til hagen din er på sitt flottaste, råder Midbrød:
– Dersom du vil ha mindre konkurranse, er det no det er lurt å selje. Vi er dagleg i kontakt med kjøparar som etterspør eigedommar, både i sentrale og perifere strøk. Ingen kan forstå kvifor det ikkje er noko til sals i sitt nærområde. Det er merkeleg.
Godt besøkte visningar
Eigedommane som har vore til sals i år har hatt godt oppmøte på visningane. Nyleg selde Eiendomsmegler Vest ein tradisjonell, sentral eigedom i Austre Heiane, der ti meldte seg på visning.
– Halvparten la inn eit bod, og bustaden gjekk 400.000 kroner over prisantyding, fortel Midbrød.
Det spelar ingen rolle om eigedommen du skal selje ligg sentralt eller er ute i distriktet.
– Alt har gått for gode summer og fort. Vi har til og med opplevd at eigedommar som har lagt lenge på marknaden, plutseleg har fått ei ny vår, seier Midbrød.