Andre er fødd og oppvaksen i Vanylven, og er i dag busett i Hovdebygda. Heilt sidan han var ung har han visst at det var eigedomsmeklar han skulle verte. Karriera hans starta allereie som 18-åring og i dag har han 16- års erfaring som meklar. Gjennom desse åra har han opparbeidd seg svært god lokalkunnskap og ingen kjenner bustadmarknaden på Søre Sunnmøre betre.
Dei fleste kundar set pris på personleg oppfylging, og for Andre er det ein sjølvfølge å bistå frå første møte til nøklane vert overlevert. Han er engasjert, alltid tilgjengeleg og jobbar målbevisst for å finne dei beste løysingane for sine kundar. Med lang fartstid i meklaryrket har Andre fleire trufaste kundar, som gjev han varme anbefalingar.
Tlf.: 478 08 585
E-post: andre.kragset@emvest.no