Utdanning/erfaring
Eg tok utdanninga mi i Sogndal ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, samtidig som eg jobba som trainee det siste året av utdanninga. Ved fullført bachelor hadde eg dermed allereie mykje praktisk erfaring frå bransjen. På Eiendomsmegler Vest sitt kontor i Volda er vi eit sterkt team av erfarne eigedomsmeklarar, med fagleg tyngde og god lokalkunnskap. Vårt gode samarbeid med Sparebanken Vest, gjer at eg også er tilgjengeleg frå fleire av våre kontor i Nordfjord.
Spesialitet
Eg er fødd og oppvaksen på Nordfjordeid, og godt kjent i heile Nordfjordregionen som er mitt marknadsområde. Som tidlegare landslagsutøvar i skyting, er eg målretta og engasjert, og veit at god førebuing, struktur og fokus på detaljar er viktig for å oppnå best mogleg resultat. Eg brukar difor god tid på klargjering og presentasjon av eigedomen, og står klar for å gje deg mine beste råd.
Ta gjerne kontakt for ein uforpliktande og hyggjeleg bustadprat!
Tlf.: 909 13 162
E-post: regine.nesheim@emvest.no