Hopp til hovedinnholdet
miljobilde-24-1040x350

DEN LOKALE BUSTADMARKNADEN DIN

Positiv prisutvikling på selde bustader i Nordhordland

– Det er gledeleg at strilane vel oss når dei skal selje eigendomane sine, seier Hans Petter Midbrød, salsleiar i Eiendomsmegler Vest Nordhordland.

Eiendomsmegler Vest sine objekt hadde i snitt svært kort salstid, og dei aller fleste bustadene i fjor gjekk etter første visning. 

I fjor selde Eiendomsmegler Vest totalt 159 eigendomar i Nordhordland. Med totalt 36 prosent av marknaden er dei det største meklarhuset i distriktet. 

– Eigedommane vi sel har også ei positiv prisutvikling. Suksessen skuldast fleire ting; vi har erfarne, flinke meklarar som står på for kundane sine, og vår kraftfulle og treffsikre marknadsføring. Kort fortalt er vi ein meklar for folk flest, uansett eigedomstype eller verdi, fortel Midbrød. 


For få eienbustader

Eiendomsmegler Vest er allsidig, og har lang erfaring på sal av fritidsbustader, tomtar, prosjekterte bustader, næringseigedomar, gardsbruk, leilegheiter, rekkehus, tomannsbustader og einebustader i alle prisklassar. 

– Svært mange gardsbruk i det opne marknaden blir selt gjennom oss. Vi sel også flest einebustader, som gjer at vi alt kjenner til mange framtidige kjøparar til våre kommande kundar i 2023, påpeiker Midbrød. 

Framleis er det stor rift om einebustadar og leilegheiter i Nordhordland. Førstegongsetablerarar driv leilegheitsmarknaden sterkt. 

– Sjølv om det er rikeleg av nybyggprosjekt på leilegheitsfronten, er det ikkje nok einebustader til å mette etterspurnaden. Det vert bygd så lite einebustader at det fåtalet som kjem for sal også vil vera svært ettertrakta dei kommande åra, spår salssjefen. 

Hans Petter Midbrod-200x200

Våre lokale meglere

Skal du selge bolig?

Hans Petter hjelper deg gjerne med både kjøp og salg av bolig! Ta kontakt for en hyggelig prat.

Forventar fleire Bergensarar i bygda

Bustadprisane hatt ei fin utvikling for dei aller fleste bustadtypane dei siste tre åra. Tradisjonelt sett svingar bustadmarknaden og prisane over tid, men bustadmarknaden i Noreg er sterkt, og Nordhordland er ikkje eit unntak. 

– Bustadprisane vil nok justera seg i år, men det blir ikkje dramatisk. Vårt distrikt blir nok ikkje ramma av dei bratte prisfalla som du ser i storbyane. Vi forventar at bustadmarknaden i Nordhordland framleis vil vera sterkt i året som kjem, seier Midbrød, og legg til:

– Marknaden er velfungerande dersom seljarane nyttar og lyttar til rådgjeving som gjeld prising og presentasjon av eigedomen – og her kan den allsidige erfaringa ein eigedomsmeklar har vera til stor nytte!

Det er stadig fleire frå Bergensregionen som ser og ut i Nordhordlandsdistriktet. Sjølv om prisane går ned i storbyen, er det framleis kostbart for mange å bu sentralt. Å busetje seg i landlege og rolege områder, er forlokkande for mange.


– I Nordhordland får bergensarane ein gunstigare inngang i bustadmarknaden og generelt meir bustad for pengane. Ein vakker skjergard, skog og fjell er innan kort rekkevidde. For ikkje å gløyma det aller viktigaste; Nordhordland er fylt av hyggjelege folk!

Hvorfor velge oss

Vi gir deg litt mer

stjerne

5-stjerners oppfølging

Vi gir deg 5-stjerners oppfølging gjennom hele reisen, både ved kjøp og salg av bolig. 

Les hvordan
ikon megler

Lokalkjente meglere

Her finner du engasjerte og dyktige meglere som kjenner bolig- og fritidsmarkedet der du bor.

Finn megler
mobil med hus

Fremtidens boligannonsering

En presis og effektiv måte for digital markedsføring av din bolig. 

Les om Zoom

vi hjelper deg

Kontakt oss

telefon

915 05560

Åpent mandag til fredag 08.30–16.00

Ring
søk og hus

Våre kontor

Vi har 27 kontor på Vestlandet, finn ditt lokale kontor.

Finn kontor
Snakke-bobler

Skriv til oss

Har du spørsmål så hjelper vi deg gjerne!

Send e-post