
Bustadmarknaden
Stor kamp om sentrumsnære bustader på Voss
Kvifor er det så få einebustader til sals på Voss? Det er det vanlegaste spørsmålet eigedomsmeklar Rakel Søvik får høyre.
– Fleire gode eigedommar blir selt utanfor marknaden fordi bustadkjøparane vil sikre seg eigedommen og unngå ein mogeleg bodkrig. Mitt klare råd er uansett: Legg bustaden i marknaden for å få best mogeleg pris, oppfordrar Rakel Søvik, ny salsleiar og eigedomsmeklar i Eiendomsmegler Vest Voss.
Rakel er fødd og oppvoksen på Stanghelle, og har over 10 års erfaring i eigedomsbransjen på Voss.
-Vanvitig prisauke
– Bustadåret 2022 kan samanliknast med 2019, som er siste normalår. Framleis er det for lite bustader i marknaden, og det pressar prisane opp. Mange av bustadene går godt over prisvarsel, og det har vore rift om bustadene i heile 2022, seier Mats-Eirik Misje, regionleiar Nord i Eiendomsmegler Vest.
Sidan 2019 har det vore ei prisauke på 25 prosent på Voss. Den gjennomsnittlege kvadratmeterprisen har auka frå 30.723 kroner i 2019 til 40.456 kroner i 2022.
– Dette er ein vanvitig prisauke og eit klart teikn på at det er for lite bustader til sals på Voss, understrekar regionleiaren.
Omsetningar sidan toppåret 2020 har gått ned dei siste to åra, men det er berre 18 bustader som skil dei ifrå kvarandre. Rakel ser at folk tenkjer seg meir om når dei byr, enn kva dei gjorde under pandemien. Då gjekk bodrundane nærmast av skaftet på sentrumsnære bustader.
– Sjølv om det er høgare renter og kostnader, er framleis etterspørselen etter bustad og betalingsviljen der. Bustadene vert selde til veldig gode prisar, sjølv om bodrundane ikkje er like heite som før, forklarar Rakel.
Ikkje la deg skremme av overskriften
Bustadmarknaden på Voss er stabil fordi etterspørselen rundt sentrumskjernen er større enn tilbodet, ifølge Rakel. Sidan rentene aukar, forventar ho ein liten nedgang fram mot mai.
– Mai og utover er høgsesong, og då vil vi nok oppleve at prisane går opp. Prisane vi har hatt sidan korona har vore høge, og at dei no korrigerer seg, er både sunt og bra for marknaden. Eg trur ikkje bustadseljarane på Voss vil merka det på lommeboka, seier Rakel.
Brukte einebustader på og rundt Voss sentrum ligg mellom 4,5 og 5,5 millionar kroner. Det er få tilgjengelege tomter å byggje på, og nyoppførte einebustader i rekkje går for 7,4 millionar kroner. Å prise riktig frå første stund er viktigare enn nokon gong.
– Vi kan ikkje prise inn ein bodrunde. Dersom kjøparane ikkje opplever at prisen stemmer, kjem dei ikkje på visning. Vi må prise oss inn på den opplevde verdien til kjøper, og det er vanskelegare enn kva det var for to-tre år sidan, forklarar Rakel.
Viss du veit at du skal selje bustaden din i år, bør du ta kontakt med eigedomsmeklar tidlegast mogeleg.
– Vi gir deg ei oversikt over bustadmarknaden, kartlegg kjøpargruppa, og skreddarsyr ein plan for ditt bustadsal. Ikkje bli redd for overskriftene du les i avisa! Det er mange bustadkjøparar som er på jakt etter bustad på Voss. Ikkje utset salet, for du får framleis god avkastning, seier Rakel.
Salsleiar og eigedomsmeklar Rakel Hvidsten Søvik.
Hvorfor velge oss
Vi gir deg litt mer
5-stjerners oppfølging
Vi gir deg 5-stjerners oppfølging gjennom hele reisen, både ved kjøp og salg av bolig.
Lokalkjente meglere
Her finner du engasjerte og dyktige meglere som kjenner bolig- og fritidsmarkedet der du bor.
Fremtidens boligannonsering
En presis og effektiv måte for digital markedsføring av din bolig.
vi hjelper deg
Kontakt oss
915 05560
Åpent mandag til fredag 08.30–16.00
Våre kontor
Vi har 27 kontor på Vestlandet, finn ditt lokale kontor.
Skriv til oss
Har du spørsmål så hjelper vi deg gjerne!