Hopp til hovedinnholdet
førde-meglere-1040x350

Din lokale megler

Eiendomsmegler Vest er på plass i Førde

Meklarteamet Tore og Raymond har omsett over 2000 bustader i gamle Sogn og Fjordane. Med banken i ryggen, er dei klare for å hjelpa deg med ditt bustadsal.

1. januar 2022 blei Garanti Eiendomsmegling Vest ein del av Eiendomsmegler Vest, og er no samlokaliserte med Sparebanken Vest. Meklarane Tore Berqvam og Raymond Sandøy har jobba saman i 15 år, og er lommekjente i Sunnfjord.

– Eg har omsett over 1000 bustader i gamle Sogn og Fjordane, og er god til hugse folk. Det er bra, for etter å ha gjennomført visningar i over 20 år, så blir det veldig mykje helsing, seier Tore og smiler.

Han har jobba som meklar sidan 1999 og har Stavanger-dialekt, men har budd i Førde sidan 2002. Kollegaen Raymond kjem frå gamle nabokommunen Jølster, og har vore meklar sidan 2005.

– Vi har mange kundar som kjenner oss privat, både gjennom familie, naboar og skule, men som vi likevel har fått lov til å selje huset til fleire gongar. Den tilliten tar vi ikkje for gitt, fortel Raymond.


Seld etter første visning

Førde har eit godt bustadmarknad med kort omsetningstid på det meste.

– Mesteparten går etter første visning. Det er stort sett leilegheiter, burettslagsleilegheiter og einebustader. Mange av desse har vi også seld tidlegare, seier Tore.

I Sunnfjord kommune er det 22 000 innbyggarar, og dekningsområdet til meklarkontoret strekkjer seg mellom Førde, Gaular, Naustdal og Jølster. Dei siste ti åra har meklarane opparbeida seg ei betydeleg marknadsandel i Førde.

– Dei fleste bustadkjøparane er kjent i Førde og har ei tilhøyrsle til byen. Dei veit kor dei vil bu og kjenner skulekretsar, barnehagar og nabolag. Jobben vår er å presentere bustaden best mogeleg under dei villkåra som er, fortel Raymond.

Raymond Sandøy 200x200

Din lokale megler

Skal du selge bolig?

Raymond hjelper deg gjerne med både kjøp og salg av bolig! Ta kontakt for en hyggelig prat.

Erfarne meklarar

Som kunde i Eiendomsmegler Vest får kundane tilgang på erfarne og kunnskapsrike meklarar med dei beste verktøya for å nå ut til interessentane. Dei brukar lokale samarbeidspartnarar til bustadstyling og fotografering, som fungerer godt.

– Dei som skal selje har stort sett aldri gjort det før, men det har vi. Kvart sal har si eiga historie som vi tar med oss når vi gir råd. Vi gjer kundane tilbakemelding undervegs om kva som er lurt å gjere og kva som skjer, slik at alt ligg til rette for eit trygt og godt sal, seier Tore.  

Tore og Raymond har over 35 års erfaring i meklarbransjen, og er eit trygt og sikkert val dersom du treng verdivurdering eller skal selje bustaden din i Sunnfjord.

– Vi har ein relasjon til dei fleste som kjem på visning og veit kva dei er interesserte i. Sidan vi veit om dei fleste objekta som er seld i området, kan vi enkelt samanlikne prisar med tidlegare sal. Vi er også oppdaterte om kva som kjem til sals, som er ein kjempefordel for kundane, fortel Raymond.

Hvorfor velge oss

Vi gir deg litt mer

stjerne

5-stjerners oppfølging

Vi gir deg 5-stjerners oppfølging gjennom hele reisen, både ved kjøp og salg av bolig. 

Les hvordan
ikon megler

Lokalkjente meglere

Her finner du engasjerte og dyktige meglere som kjenner bolig- og fritidsmarkedet der du bor.

Finn megler
mobil med hus

Fremtidens boligannonsering

En presis og effektiv måte for digital markedsføring av din bolig. 

Les om Zoom

vi hjelper deg

Kontakt oss

telefon

915 05560

Åpent mandag til fredag 08.30–16.00

Ring
søk og hus

Våre kontor

Vi har 27 kontor på Vestlandet, finn ditt lokale kontor.

Finn kontor
Snakke-bobler

Skriv til oss

Har du spørsmål så hjelper vi deg gjerne!

Send e-post