Hopp til hovedinnholdet
Nordfjordeid-1040x350

Ditt lokale meklarteam

Eiendomsmegler Vest satsar på Nordfjordeid

Hels på Regine Nesheim og Amalie Heggen, Eiendomsmegler Vest sitt nye meklarteam på Nordfjordeid.

1. august 2021 vart kontoret på Nordfjordeid offisielt opna takka vere Regine Nesheim sin iherdige innsats i nærområdet dei to siste åra.
 
– For meg er Eiendomsmegler Vest det naturlege førstevalet. Eg har tilhøyrt Volda-kontoret sidan 2018, der eg hadde same marknadsområde som no. Det er fyrst i haust at vi endeleg har fått fast kontorplass her på Nordfjordeid, fortel Regine Nesheim, som tidlegare har pendla mellom Volda og Eid.

Ho er eigedomsmeklar og fagansvarleg, og jobbar saman med trainee Amalie Heggen. Det ferske meklarkontoret er samlokalisert med Sparebanken Vest i Bankgata 1 på Eid.

– Det eg likar best med yrket er kundebehandling og den varierte arbeidskvardagen. Sal og kjøp av bustad er ein av dei største avgjerdene folk tar her i livet, og det kjennes fint å kunne hjelpe til i viktige val, seier Amalie.


Fleire einebustader selt etter første visning

Avdelinga på Eid handterer eit stort geografisk område beståande av Eid, Stryn, Selje, Stadlandet, Sandane og Måløy med omland. 

– Bustadkjøparane vil helst ha innflyttingsklare objekt og minst mogeleg oppussing. Bustader med god standard er heilt klart lettast å selje, forklarar Regine, som er fødd og oppvaksen på Eid.

Gjennomsnittsprisen på ein einebustad på Eid ligg på cirka 3,5 millionar kroner, men standard, størrelse og plassering påverkar sjølvsagt. Det har vore god aktivitet i bustadmarknaden både før og etter sommaren.

– Omsetningstida på einebustader har vore kort i det siste. Dei fleste einebustadar har blitt selt etter fyrste visning, medan leilegheitene kan ta litt lengre tid.

Regine Nesheim 200x200

Skal du selge bolig?

Hos oss får du er uforpliktende verdivurdering av din bolig hvor vi finner ut hva boligen din er verdt i dagens boligmarked.

Ta tidleg kontakt med meklar

Vurderer du å selje bustaden din i haust? Då er det lurt å involvere meklar tidleg, rådar Regine, som gjerne gjev råd til salsprosessen. 


Mange lurer på kva dei bør gjere før fotografering og visning. For best mogeleg resultat ynskjer Regine og Amalie å bli involvert på eit tidleg stadium.


Nokon tenker at dei må tømme bustaden, men det er vel så viktig å behalde den heimekoselege kjensla og unngå at bustaden verkar kald og naken, fortel Regine:


– Du treng ikkje moderne møblar for å selje eit hus. Det er stor skilnad på om bustaden er tom eller møblert. Utan møblar ser det ofte mindre ut og interessentar har vanskelegare for å sjå for seg kva dei kan få plass til av innreiing og møblar.


Både Regine og Amalie er drilla på korleis ein bør innreie bustaden slik at den blir attraktiv for andre.


– Vi har lansert mange nyheiter dei siste vekene, men har framleis meir på lager. Akkurat no er det størst behov etter sentrumsnære familiebustader i Nordfjordeid, seier Amalie.

Hvorfor velge oss

Vi gir deg litt mer

stjerne

5-stjerners oppfølging

Vi gir deg 5-stjerners oppfølging gjennom hele reisen, både ved kjøp og salg av bolig. 

Les hvordan
ikon megler

Lokalkjente meglere

Her finner du engasjerte og dyktige meglere som kjenner bolig- og fritidsmarkedet der du bor.

Finn megler
mobil med hus

Fremtidens boligannonsering

En presis og effektiv måte for digital markedsføring av din bolig. 

Les om Zoom

vi hjelper deg

Kontakt oss

telefon

915 05560

Åpent mandag til fredag 08.30–16.00

Ring
søk og hus

Våre kontor

Vi har 27 kontor på Vestlandet, finn ditt lokale kontor.

Finn kontor
Snakke-bobler

Skriv til oss

Har du spørsmål så hjelper vi deg gjerne!

Send e-post