Tre meglere smiler til kameraet

Ditt lokale meklarteam

Eiendomsmegler Vest satsar stort i Sogndal

6. april 2021 vart meklarkontoret i Sogndal sentrum gjenopna og forsterka med Kenneth Bjørk, Nina Øyre og Ingrid Kvigne Bøe på laget.
Normalt ville dagen blitt markert med snorklipping og kaker til alle kundar, men på grunn av koronarestriksjonane let feiringa vente på seg. God stemning var det uansett i lokala til Sparebanken Vest.

– Dette er veldig kjekt for Eiendomsmegler Vest og eigaren vår, Sparebanken Vest, som tar ein dominerande posisjon i Sogn med tre nye tilsette som i dag har sin første arbeidsdag. I over eit år har vi jakta på meklartalent i nærområdet og rundt årsskiftet lukkast vi endeleg, jublar Magne Storheim, regionleder og eigedomsmeklar.

Lokale og erfarne folk

Meklarlaget er styrka med eigedomsmeklarane Kenneth Bjørk (48) og Nina Øyre (33), og sakshandsamar Ingrid Kvigne Bøe (34). Dei nytilsette har lokal forankring og lang erfaring i yrket.

– Vi dekkjer heile distriktet Indre Sogn, som omfattar Vik, Aurland, Lærdal, Årdal, Luster, Leikanger, Balestrand, Flåm og Sogndal. Det er eit stort område, men det er viktig at dei som bur i utkantane skal få bruka tenestene som ligg sentralt. Vi kjenner godt til den lokale marknaden, forklarar Kenneth.

– Det blir spennande å starte på nytt med same gjeng og nytt selskap. Det kjekkaste er variasjonane i marknaden. Her får vi ta del i både stort og smått, legg salsleiar Nina Øyre til.

Skal du selge bolig?

Hos oss får du er uforpliktende verdivurdering av din bolig hvor vi finner ut hva boligen din er verdt i dagens boligmarked.


Sunt med konkurranse


Med nytt meklarkontor blir det til saman fire konkurrerande aktørar i Sogndal.

– Konkurranse er alltid sunt, så vi bekymrar oss ikkje. Det er positivt for kundane og det gjer at vi må heile tida utvikla oss for å kunne levera dei beste tenestene for kundane, seier Kenneth.

– Sogndal er prisdrivande og det dyraste området. Her ligg ein snitteinebustad på fem millionar kroner. Bustadsalet har vært bra under korona, men det er nok fritidsmarknaden som har fått størst oppgang. Det er bygd veldig mange hytter i Hodlekve, som ligg i Sogndal Fjellandsby, seier Kenneth.

No gjer eigedomsmeklarane seg klare for sommarsalet. Einebustadar er den heitaste vara fram mot hausten.

– Om du planlegg å selje bustaden din før sommaren, er det lurt å begynne no, slik at du får ein god prosess på det. Kenneth og Ingrid står klare til teneste, seier Nina, som er i morspermisjon fram til november.

Kontakt våre meklarar i Sogndal for ein hyggeleg bustadsprat!

Hvorfor velge oss

Vi gir deg litt mer

stjerne

5-stjerners oppfølging

Vi gir deg 5-stjerners oppfølging gjennom hele reisen, både ved kjøp og salg av bolig. 

ikon megler

Lokalkjente meglere

Her finner du engasjerte og dyktige meglere som kjenner bolig- og fritidsmarkedet der du bor.

mobil med hus

Fremtidens boligannonsering

En presis og effektiv måte for digital markedsføring av din bolig. 

vi hjelper deg

Kontakt oss

telefon

915 05560

Åpent mandag til fredag 08:30 - 16:00.

søk og hus

Våre kontor

Vi har 26 kontor på Vestlandet, finn ditt lokale kontor.

Snakke-bobler

Skriv til oss

Har du spørsmål så hjelper vi deg gjerne!